vennjoy.
← Sortir ensemble
Des émotions en direct / Bergen

Heim med Joni

Ole Bull Scene, Bergen · Bergen

Heim med Joni

Au programme

Description d’origine

"Ei musikalsk forteljing om Joni Mitchell sitt liv, musikk og norske røter Den kritikarroste konsertframsyninga Heim med Joni kjem endeleg til Ole Bull Scene. Her får publikum oppleve Joni Mitchell gjennom sterke musikalske tolkingar, forteljing og nynorske gjendiktingar. I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I Heim med Joni blir ho med heim att til Vestlandet -- både tekstleg og musikalsk. Dei canadiske landskapa møter vestnorsk tonespråk, og saksofonen må vike plass for hardingfela. Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland har gjendikta fleire av dei ikoniske songtekstane hennar til nynorsk. Med nye arrangement og ei ny språkdrakt får songane eit eige vestnorsk liv, samstundes som poesien, styrken og sårbarheita i musikken er teken vare på. Mellom songane blir historia om Joni Mitchell fortald -- om dei norske røtene, den eventyrlege karrieren og eit liv prega av både motgang og kunstnarlege triumfar. Denne kvelden er humorist og journalist Linda Eide vikar for framsyninga sin faste forteljar, Kjersti Mjør. Eide kjenner prosjektet godt og har sjølv vore med på å gjendikte songtekstar til framsyninga. Heim med Joni hadde premiere under Vossa Jazz i 2022 og har sidan blitt svært godt motteken av publikum og spela for utselde hus fleire stader på Vestlandet. Konsertframsyninga blei skapt på initiativ frå Vossa Jazz og Kjersti Mjør. Medverkande: Heine Bugge -- kapellmeister, trekkspel og vokal Sigbjørn Apeland -- tangentar og vokal Halvor Folgerø -- bass og vokal Annlaug Børsheim -- gitar, fele og vokal Kåre Opheim -- perkusjon og vokal Sjur Folgerø -- gitar Åse Britt Reme Jakobsen -- vokal Linda Eide -- forteljar (vikar for Kjersti Mjør)" Varighet: ca 90 minutter

À l’affiche
Stas Artist
Organisation
Ole Bull Scene AS
Partager dans le fil ↗
VENNJOY / sélectionnés

Quelques idées juste pour vous

Des suggestions fondées sur les genres de vos coups de cœur. Continuez à explorer : vos goûts ne sont pas une case.

Créez un compte pour retrouver votre collection sur tous vos appareils.

Retrouver vos découvertes